Justering, retur og bytting
Har ein kjøpt smykke hos ein av mine forhandlere, så er det den aktuelle butikken ein må prate med. Er det via meg ein har kjøpt, så er det kun gjennom meg ein kan få gjort justering, retur og bytte av eit produkt.
Er produktet ein gåve så kan mottaker alltid ta kontakt for å få gjort justering. Kostnaden vil vere returporto til meg, og i nokre tilfelle material utgift om det er mykje ekstra lengde eller detalja ein skal få satt på. Retur mot pengene tilbake er dessverre ikkje mulig. Bytte mot tilgodelapp eller eit anna smykke har ein alltid mulighet til så lenge ein ved bestilling har gjort oppmerksam på at ein skal gje produktet bort.
Ved bytte og justering er det ein fordel om mottaker oppgjev faktura nummer slik at det er lettare for meg å innhente nødvendig informasjon. Er produktet noko ein har fått spesial design til ein sjølv, så gjer eg gjerne endringer så lenge dette teknisk sett går. Kostnad for deg er returporto til meg og evt ekstra utgifter om det tek lang tid eller kreves (mykje) meir materialer.
Ein eventuell retur eller bytte av produktet uten å betale eller mot pengane tilbake er kun mulig om ein har avtalt denne muligheten på forhånd. Unntaket her er selvsagt om produktet ikkje oppfyller bestillings instruksene dine eller om det ikkje er mulig å endre på smykke innen tidsfristen du har oppgitt for ferdigstillelse.